Nyheter

SYKKYLVSSYMJARAR I LÅMØ

Publisert: 25/03/19 Oppdatert: 25/03/19

Årsklassemønstring (ÅM) er ein aldersbestemt og nasjonal konkurranse som har det føremål å fremje allsidigheit i svømming. Det vert først arrangert Landsdelsfinalar i fem regionar (LÅMØ), før ein samlast til ein landsfinale. Det konkurrerast i alderstrinna 11 - 16 år (2003 - 2008) i alle stilartane og så avsluttast konkurransen med ei medley - øving der symjarane sym alle stilartane i eitt og same løp.

11 - åringane konkurrerar i 50 m butterfly, 100 m bryst, 100 m rygg, 400 m fri og 200 m medley. Medan 12 -16 åringane konkurrera i 100 m butterfly, 200 m bryst, 200 m rygg, 400 m fri og 200 m medley.

Det kårast vinnar i kvar øving, i kvar årsklasse, i tillegg til samanlagtvinnar i kvar årsklasse.

Personlege rekordar

Kvalifiseringsperioden for LÅMØ 2019 var frå hausten 2018 og ut februar 2019. I løpet av denne perioden må 11 - og 12 åringane gjennomføre dei fem aktuelle øvingane med gyldig tid. For 13 - 16 - åringane er det ikkje tilstrekkeleg med å ha gjennomført øvingane med gyldig tid, dei må også ha gode nok tider til å vere blant dei 24 i årsklassa si som får delta.

I SIL Symjing var det tre symjarar som kvalifiserte seg til LÅMØ 2019 - Tiril Hovdenakk-Vadset (2007), Pedro Aure (2005) og Sigve Aure Stave (2005) . Dette var første gongen symjarar som representerer SIL Symjing deltok. LÅMØ Midt - Noreg vart denne gongen gjennomført i Kristiansund 15. - 17.mars. Her var det symjarar frå mellom anna Sunnmøre, Romsdal, Nordmøre, Trondheim, Namsos og Steinkjer.

LÅMØ er eit stort stemne og på fredagen vart stemnet opna med talar frå ordføraren i Kristiansund og ein representant frå Noregs Svømmeforbund, og deretter. Då LÅMØ er eit nasjonalt stemne vart også nasjonalsongen spelt.

Pedro Aure gjennomførte stemnet med gode tider på distansane, og fekk ny personleg rekord på både 100 m butterfly og 200 m bryst. På sistnemnde distanse forbetra han seg med over 20 sekund. Sigve Aure Stave hadde også gode tider og fekk ny personleg rekord på 200 m bryst, 200 m rygg og 200 m individuell medley. Beste forbetring var på 200 m rygg med om lag 11 sekund. Tiril Hovdenakk-Vadset, som var yngste deltakar denne gong, slo til når det gjaldt og fekk ny personleg rekord på alle distansar. Største forbetring var på 400 m fri med 24,5 sekund. Det er ei stor bragd å forbetre seg så mykje under eit slikt stemne, også med tanke på at alle dei andre konkurrentane deira har 25 meters basseng å trene i og har mange fleire treningsøkter per veke enn sykkylvssymjarane har moglegheita til.  

Det kan også nemnast at tidlegare sykkylvssymjar, og no symjar for Ålesund, Julie Brunstad gjorde det bra under stemnet. Ho fekk ny personleg rekord på tre av distansane.

Då dei fem øvingane var fordelt over tre dagar vart det få øvingar per dag, noko som gjorde det moglegheit for å finne på noko sosialt. Kristiansund har mykje å by på - og sykkylvingane var både på Lasertag, bowling, kino og shopping. Dette fristar til gjentaking og vi håpar at det er enda fleire som klarar å kvalifisere seg til LÅMØ i 2020.