Nyheter

"Gullkorn" støtte frå Sparebanken Møre

Publisert: 06/10/17 Oppdatert: 06/10/17

Sparebanken Møre deler kvar år ut midler til formål som er med på å sikre gode oppvekstvilkår og gjere lokalsammfunnet til ein attraktiv og god stad å bu.

I år var vi so heldige at denne støtta gjekk til oss, vi fekk heile 45.000,- kr av Sparebanken Møre som kjem svært godt med og vil bli brukt til utdanning av instruktører og trenera som i tillegg til å bidra i klubben vår også bidreg ut mot skulane med fokus på sikkerheit. I veka som var så vart det halde livreddningsprøve for 50 lærera og badevakter i Sykkylven !! :-)